Vintergrøn
Ei vintergrøn plante held på dei grøne blada over vinteren, men feller dei i samband med lauvsprettet neste vår. Dei vintergrøne plantene dannar ei overgangsform mellom dei lauvfellande og dei eviggrøne plantene.
Vintergrøne planter held på blada kring ett år, men blir lauvfellande dersom vinteren blir for kald. Under normale tilhøve taper denne typen planter dei gamle blada sine om våren.
Eksempel på vintergrøne planter
endre- Raud påskeklokke (Helleborus orientalis ssp. abchasicus)
- Blå anemone (Hepatica nobilis)
- Vanleg liguster (Ligustrum vulgare)