Visuell roman (engelsk visual novel, japansk ビジュアルノベル, bijuaru noberu) er ein type interaktivt dataspel som hovudsakleg nytter statisk grafikk, som oftast i ein kunststil inspirert av anime eller manga, eller tidvis realfilm for å fortelja ei historie.[1] Forma oppstod i Japan tidlig i 1990-åra.[2][3]

Døme på korleis ein scene i ein visuell roman kan sjå ut på japansk.

Innan japansk terminologi skil ein ofte mellom visuelle romanar (ofte forkorta NVL), som hovudsakleg dreier seg om historieforteljing og har lite eller ingen interaksjon frå spelaren, og eventyrspel (ofte forkorta AVG eller ADV), som tar i bruk problemløysing og andre former for speling. Dette skiljet er vanlegvis gått tapt utanfor Japan, der begge formen blir kalla visuelle romanar. Begge slaga er populære i Japan, der spel innan desse sjangerane utgjorde nesten 70 % av japanske dataspel slopne i 2006.[4]

Kjelder endre

  1. «The Weird World of Japanese "Novel" Games». Arkivert frå originalen 13. september 2012. Henta 15. februar 2018. 
  2. Cavallaro, Dani (9. oktober 2009). Anime and the Visual Novel: Narrative Structure, Design and Play at the Crossroads of Animation and Computer Games (på engelsk). McFarland. s. 8. ISBN 9780786458189. 
  3. Lebowitz, Josiah; Klug, Chris (2011). Interactive Storytelling for Video Games: A Player-centered Approach to Creating Memorable Characters and Stories (på engelsk). Taylor & Francis. s. 192–194. ISBN 9780240817170. 
  4. «AMN and Anime Advanced Announce Anime Game Demo Downloads». Anime News Network (på engelsk). Henta 15. februar 2018.