Vitenshow

Vitenshow er nemninga på ei vitskapeleg framsyning for publikum. Dette er ei pedagogisk verksemd som skal demonstrera korleis verda omkring oss fungerer, og inneheld gjerne fysiske og kjemiske eksperiment. Den første i Noreg til å ta nemninga i bruk skal ha vore Andreas Wahl, som begynte formidlingsverksemda si i 2008.

Pedagogikken har røter tilbake til Helmut Ormestad og Otto Øgrim sitt radioprogram Pølser, fysikk og potetsalat, som gjekk på NRK radio frå 1948, og fjernsynsprogrammet Fysikk på roterommet, som gjekk på NRK TV frå 1960 til 1990. Noregs eldste omreisande vitensenter, Science circus, har benytta seg av liknande pedagogikk sidan oppstarten i 1995.