Vladimir Lutsjenko

Vladimir Jakovlevisj Lutsjenko (fødd 2. januar 1949) er ein tidlegare sovjet-russisk ishockeyspelar frå Ramenskoje som i perioden 1969-79 var med å vinne åtte VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.

Vladimir Lutsjenko


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 2. januar 1949 (75 år)
Ramenskoje
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1976

Utmerkingar

Æresordenen, Ærestegnets orden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Arbeidets røde fanes orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Lutsjenko var forsvarsspelar på CSKA Moskva frå 1967 til 1981. Med CSKA vann han den sovjetiske ishockeyserien heile elleve gongar. Frå Ishockey-VM 1969 i Stockholm til Ishockey-VM 1979 i heimlandet, deltok Lutsjenko i samtlege verdsmeisterskap. Han sanka til saman åtte VM-gull, to VM-sølv og ein VM-bronse. Både i 1972 og 1976 vart han olympisk meister for Sovjetunionen.

Kjelder endre