67°57′33″N 13°6′9″E / 67.95917°N 13.10250°E / 67.95917; 13.10250

Utsyn frå fjellsida oppom Reine. Vorfjorden går opp til høgre.
Foto: Leif

Vorfjorden er ein fjord i Moskenes kommune i Lofoten. Fjorden strekkjer seg nesten 2 km nordover til Fløvatnet.

Fjorden har innløp mellom Olstindsneset vest og Festhælen i aust. Fiskeværet Hamnøya ligg like søraust for fjorden, medan Reine ligg rett sør. Vestover går Kjerkfjorden. Olstinden ligg på vestsida av fjorden. På austsida ligg Lilandstinden.