Vulkanen Empedokles

Empedokles er ein stor undersjøisk vulkan 40 km sør for Sicilia som er kalla opp etter den greske filosofen Empedokles som meinte at alle ting på Jorda er laga av dei fire elementa.

Empedokles består av fleire vulkansenter, inkludert Ferdinandea.

Vulkanstrukturen er om lag 500 meter høg med ein base som er 30 km lang og 25 km brei og ligg i Campi Flegrei del Mar di Sicilia (Det flegraiske feltet i Siciliasundet). Empedokles består truleg av fleire vulkansenter, inkludert Ferdinandea.[1]

Vulkanen har ikkje vist teikn til nye utbrot. Toppen av vulkanen er i dag 7 meter under vassoverflata men stakk ein gong opp av havet. I 1831 braut Empedokles havoverflata og skapte nesten ei internasjonal krise då fleire land prøvde å påberope seg eigarskap over øya, som fekk namnet Ferdinandea. Ho forsvann derimot igjen etter berre fem månadar på grunn av erosjon.

Fotnotar endre

37°09′49″N 12°43′07″E / 37.16361°N 12.71861°E / 37.16361; 12.71861