Vysokaja (russisk Высокая, 'høg') er eit fjell aust i Uralfjella i Sverdlovsk oblast i Russland. Det når 380 meter over havet. Fjellet består av porfyr og syenitt. Det er store magnetsteinfelt på Vysokaja.

Det har lenge vore gruvedrift her, og området var på første halvdel av 1900-talet den andre største produsenten av jernmalm i Uralfjella, etter gruva i Magnitnaja.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Vysokaya» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2008.
  • «Yegor'yevsk», Concise Dictionary of World Place-Names John Everett-Heath. Oxford University Press 2005.
  • «Postwar Russia and Her Mineral Deposits», Walter H. Voskuil, The Journal of Land & Public Utility Economics (1947 University of Wisconsin Press)
  • «Europe's Fuel and Metal Deposits Evaluated», Quentin D. Singewald, Economic Geography (1939, Clark University)