Waltraud Kretzschmar

Waltraud Kretzschmar, fødd Hermann og skild Czelake, (1. februar 19487. februar 2018) var ein tysk handballspelar frå Kloster Lehnin i delstaten Brandenburg. Med Aust-Tysklands landslag vart ho verdsmeister tre gongar i rad; 1971, 1975 og 1978. Gjennom fleire sesongar på 1970-talet vart Kretzschmar rekna som verdas beste handballspelar på kvinnesida.

Waltraud Kretzschmar


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 1. februar 1948
Lehnin
Død

7. februar 2018 (70 år)
Schöneiche bei Berlin

Idrett handball
Tok del i

kvinnehandball ved sommar-OL 1976, kvinnehandball ved sommar-OL 1980

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Kretzschmar spelte på SC Leipzig frå 1964 til ho la opp i 1980. I denne perioden vart ho austtysk meister ti gongar, og ho var med om å vinne europacupen i 1966 og 1974. Dessutan lukkast ho og Leipzig vinne den europeiske cupvinnarcupen både i 1967, 1970, 1972 og 1977.

Gjennom ein periode på 15 år deltok Kretzschmar i 217 landskampar for Aust-Tyskland og skåra 727 mål. Ho var med å sikre VM-gull for det austtyske landslaget både i 1971, 1975 og 1978. I 1976 vann ho OL-sølv under Sommar-OL i Montreal, fire år seinare vart det bronsemedalje då dei olympiske sommarleikane fann stad i Moskva.

Kjelder endre