Wattens er ein kommune i distriktet Innsbruck Land i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 10,8 km² og i kring 7 900 ibuarar. Landsbyen ligg 564 meter over havet, cirka 13 km aust om Innsbruck.

Wattens, på næraste sida av elva Inn

Staden er kjend som hovudsete for industriselskapa Swarovski og Swarco. Swarco er eit multinasjonalt firma som lagar trafikkstyringar.

Wattens vert nemnd fyrste gongen i 930. I 1559 vart det fyrste masse- og papirbruket sett i drift, det laga det såkalla Wattenspapier. Papirbruket eksporterer i dag sigarettpapir til om lag 90 statar. Staden hadde ein ny blomstringstid etter at krystallglasprodusenten Swarovski i 1895 etablerte seg i Wattens.

Kjelder endre