Waxed
Studioalbum av Bigbang
Utgjeve 1995
2002
Innspelt juni 1995
Sjanger Rock, Rock and roll
Lengd 38.17
Selskap Grand Sport Records,
Warner Music
Produsent BigBang og Børge Finnstad
Bigbang-kronologi 
Waxed Electric Psalmbook
(1999)


Waxed er debutalbumet til den norske rock'n'roll-gruppa Bigbang.

Albumet vart spelt inn på G.L Studio i Oslo i juni 1995, og ferdigstilt av Audun Strype og Bigbang på Strype Audio. Plata vart gjeve ut gjennom Grand Sport Records, som er eit sjølvstendig plateselskap eigd av frontmann i Bigbang, Øystein Greni. Waxed vart seinare lansert på nytt, i ei ny utgåve, gjennom Warner den 3. juni 2002. Denne nye utgåva inneheldt eit nytt spor, «Elle Vogue», som ein kan høyre etter 12 minutt og 30 sekund uti spor #11, «Down There Again». I følgje ei utsegn frå Greni er den nye songen tileigna moteblad (t.d. ELLE og Vogue), som viser fram kvinner som mannfolk flest ikkje har råd til å ha med å gjere.

Spor endre

Alle songane er produsert og miksa av Bigbang og Børge Finnstad, med unntak av spor #4.

Nr.TittelLengd
1.«Bus Ride»4:04
2.«Limo Driver»3:38
3.«The Man»2:38
4.«Little Cloud» (produsert av Jørn Christensen på Rodeløkka studios)3:48
5.«Two O'Clock»4:06
6.«Tennis Club»4:06
7.«Marvin Dale»2:36
8.«Rules Understood»2:44
9.«Situations»4:30
10.«Usually»3:17
11.«Down There Again»2:50
12.«Elle Vogue» (bonusspor)2:00

Medverkande endre

Bigbang endre

Andre endre

  • Iver Ole Erstad - orgel (på spor #6, «Tennis Club»)
  • Børge Finnstad - produsent og teknikar
  • Audun Strype - ferdigstilling (en:mastering)
  • Jørn Christensen - produsent (av spor #4, «Little Cloud»)