West Coast Region i Gambia
West Coast Region (tidlegare Western Division og Western Region) er ei av seks forvaltingseininga i den vestafrikanske staten Gambia. Regionen tilsvarer Local Government Area Brikama.
West Coast Region | |||
region | |||
Land | Gambia | ||
---|---|---|---|
West Coast Region i Gambia 13°15′00″N 16°19′00″W / 13.25°N 16.316667°W |
Geografi
endreRegionen på 1764 km², som har administrasjonssete i Brikama (84 608 innbyggjarar), er vidare delt inn i ni distrikt. Med 594 854 innbyggjarar (berekna i 2013[1]) er han den tettast folkesette regionen i Gambia. Regionen strekker seg frå Atlanterhavskysten sør for Gambiaelva til Lower River Region i aust.
Distrikt
endreDei ni distrikta er Kombo North, Kombo South, Kombo Central, Kombo East, Foni Brefet, Foni Bintang-Karanai, Foni Kansala, Foni Bondali og Foni Jarrol.
Busetnader
endreDei ti største busetnadane i regionen er:
- Brikama, 84 608
- Lamin, 39 183
- Nema Kunku, 36 134
- Brufut, 31 749
- Sukuta, 31 674
- Gunjur, 22 244
- Wellingara, 16 116
- Busumbala, 13 292
- Yundum, 13 021
- Mandinari, 12 572
Folkesetnad
endreIfølgje folketeljinga frå 1993[2] er den største folkegruppa i regionen mandinka, med ein andel på rundt fem tidelar, følgd av fulaniar og voloffolk. Fordelinga i detalj er: 45,3 % mandinka, 11,4 % fulani, 5,8 % volof, 27,1 % jola, 1,2 % serahule, 2,3 % serer, 0,3 % aku, 4,0 % manjago, 0,4 % bambara og 2,2 % andre folkeslag.
Historie
endrePå slutten av 2007 gjekk Gambia gjennom ein administrativ reform der Western Division blei gjort om til Western Region. I oktober 2010 blei namnet på Western Region endra til West Coast Region for å betre spegla karakteren til regionen.[3]
Kjelder
endre- ↑ West Coast Region (Gambia) , bevoelkerungsstatistik.de, vitja mai 2013
- ↑ «Population by Ethnicity, by Settlement and Local Government Area. (Gambians Only)» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 13. november 2012.
- ↑ «New name for Western Region». The Daily Observer. 20. oktober 2010. Arkivert frå originalen 27. juli 2011.
- Denne artikkelen bygger på «West Coast Region (Gambia)» frå Wikipedia på tysk, den 9. september 2024.