Westinghouse Electric
Westinghouse Electric Corporation er eit tidlegare amerikansk industriselskap med base i Pittsburgh. Det vart grunnlagd i 1886 av George Westinghouse.[1] Selskapet vart danna på grunnlag av at Westinghouse hadde overteke patentrettane til Nikola Tesla for vekselstraumteknikk. Det utvikla infrastruktur for elektrisitetsbruk i heile USA, og verka etterkvart innan ei rekkje felt som spente frå produksjon av turbinar, generatorar, motorar og anna utstyr til elektrisitetsproduksjon,[2] elektrotekniske konsumvarer og kjerneteknikk.[3]
Westinghouse Electric | |
![]() | |
![]() | |
Skipa | 8. januar 1886 |
---|---|
Dotterselskap | Westinghouse Licensing Corporation ![]() |
Eigar | Paramount Global ![]() |
Hovudkontor | Cranberry Township ![]() |
Grunnlegger | George Westinghouse |
Lagnad | Fusjonert |
Nedlagd | 1999 |
Etterfølgjar |
|
I 1890 bygde selskapet Ames Hydroelectric Generating Plant i Colorado, verdas første kommersielle kraftverk for å produsera og senda ut vekselstraum. I 1937 bygde Westinghouse det første kjernekraftverket i USA, The Westinghouse Atom Smasher.[4]
I 1995 tok Westinghouse over kringkastingsselskapet CBS. Deretter skilde det ut og selde storparten av industriverksemda si, mellom anna til forsvarsindustrikonsernet Northrop Grumman. I 1997 bytta det namn til CBS Corporation.
I 1998 blei elektrisitetsdelen av verksemda, Power Generation Business Unit, seld til tyske Siemens AG. Eit år seinare selde CBS heile kjernekraftverksemda si til British Nuclear Fuels Limited (BNFL). I samband med dette blei rettar til nament Westinghouse Electric Corporation overførte til dette dotterselskapet. Westinghouse Electric Company blei seld vidare til japanske Toshiba i 2006.[5]Varemerket Westinghouse blir styrt av Westinghouse Licensing Corporation, eit dotterselskap til ViacomCBS.
Kjelder Endra
- ↑ «Steam Hammer, Westinghouse Works, 1904». World Digital Library. 1904-05. Henta 28. juli 2013.
- ↑ «Steam Hammer, Westinghouse Works, 1904». World Digital Library. 1904. Henta April 8, 2018.
- ↑ «Westinghouse Electric Corporation» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Walter, Marni Blake (September 1, 2015). «An Unlikely Atomic Landscape: Forest Hills and the Westinghouse Atom Smasher». Western Pennsylvania History Magazine (Senator John Heinz History Center) 98 (3): 36–49. Henta 3. desember 2019.
- ↑ «TOSHIBA ACQUIRES WESTINGHOUSE FROM BNFL».