Wet lease er eit leigearrangement der eit flyselskap leiger ut eit fly med fullstendig besetning til eit anna flyselskap (leigetakar). Eigarselskapet sørger også for vedlikehald, forsikring og liknande. Leigetakaren betalar for den tida han nyttar flyet, held drivstoff og betaler landingsavgifter, skattar og andre utgifter forbunde med drifta. Flyet brukar flightnummeret til leietakaren. Ein wet lease varer vanlegvis frå ein månad til to år. Leigetilhøve på under ein månad vert vanlegvis vurderte som eit «ad-hoc charter». Wet lease vert ofte nytta for å dekka behovet for ekstra fly under høgsesong, når dei eigne flya til selskapet må gjennpm større vedlikehald eller for å dekka inn behov ved skiping av nye ruter.[1]

Bakketenester vert vanlegvis utført av leietakaren. Ved lengre leigetilhøve vert flyet vanlegvis målt som dei øvrige flya til leietakaren, og utover framtrer det som leietakaren sine eigne.

Ofte brukar leietakaren si eiga kabinbesetning, og i slike tilfelle er leigetilhøvet ein «damp lease»

«Dry lease» refererer til å berre leige fly utan besetning der leietakar sørger for alle driftsutgiftene.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Aircraft Leasing: ACMI, Dry / Wet Lease Definition