Wikipedia-diskusjon:Kva Wikipedia ikkje er

Wikipedia er ikkje noka reklametavle endre

At Wikipedia ikkje skal vera ei reklametavle for alle slags småfirma tykkjest rimeleg. Stor firma som Statoil, Norsk Hydro o.l. tykkjer eg derimot bør få plass. Slike firma har almen interesse. Kvar grensa skal gå for at eit firma skal vera stort nok, eller rettare interessant nok, er eit meir kronglete spørsmål. Eg la nett inn ei spire om det norske firmaet SEAS. Dette firmaet er ikkje så stort, men det er kjent over heile verda. Eg tykkjer difor at det er av almen interesse, men det er det ikkje sikkert at andre tykkjer. Det var bra du tok opp dette, for det kan vera bra at det vert diskutert.

Eg trur du misforstår. Det er ikkje reklame å skrive fakta om eit firma. Dét er du velkomen til å gjera, om alle velkjende firma og personar.
Men ikkje promoter einskilde føretak framfor andre – dét er reklame!
--Verdlanco\ordskifte 30. mars 2006 kl. 10:05 (UTC)
Tilbake til prosjektsiden «Kva Wikipedia ikkje er».