Wikipedia-diskusjon:Taksoboks

Siste kommentar: for 12 år sidan av Ranveig i emnet Kursivering av vitskaplege namn

Kursivering av vitskaplege namn endre

Skal alle namn stå i kursiv?

Spør en biolog Sitat frå innlegg nedst i tråden:

«- vitenskapelige navn fra slekt og nedover skal kursiveres
- vitenskapelige navn over slektsnivå skal ikke kursiveres
- alle vitenskapelige navn unntatt epiteter for art, underart, varietet og form skal ha stor forbokstav.»

Denne konvensjonen brukast òg på nb-wikipedia så langt eg forstår systemet der:

- Slekta Neofelis vs overliggjande gruppe nb:Pantherinae

Snl: Finn ingen gjennomført praksis, nokre familiar som diamantfuglar har vitskapeleg namn utan kursivering, mens andre familienamn har.

Mitt framlegg til ein standard her: Som i sitatet øvst. Det vil seie kursivering berre frå slektsnamn og nedover.

--Roar 5. desember 2011 kl. 17:08 (CET)Svar

Dersom opplysninga i forumet er rett, så bør vi også - om mogleg - følgje den lina, i tråd med framlegget ditt. --Knut 5. desember 2011 kl. 17:55 (CET)Svar
Det verkar som ein tåpeleg regel, men om han er innarbeidd, så får me vel følgja han. Eg ser han er brukt på Artsdatabanken òg. Då er det vel best å endra malen slik at dei stadene der ein har brukt, til dømes, "orden l", får ordensnamnet utan kursiv, etc.--Barend 5. desember 2011 kl. 18:12 (CET)Svar
Einig i at det verker rart, men viss det er slik det er, så får me vel avkursivera. Er det forresten nokon som har syn på nyare kladeinnordningar (som ikkje ligg fast i orden, familie el.l.)? Eg kunne tenkt meg eit trappesystem liknande det me har i infoboksen for språk (sjå til dømes Galisisk. Tydelegare trinn er mogleg). Engelsk Wikipedia opererer med "Unranked" (til dømes i en:Alder), noko eg har liten sans for. --Ranveig 5. desember 2011 kl. 20:12 (CET)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Taksoboks».