Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 2, 2014

Det er nokre feil i teksten; kjelde er hokjønnsord, så det skal stå «Dei nedre delane er ei livsviktig vasskjelde for bønder» og «som ei vasskjelde til glede for himmelske skapningar og menneske». Dessutan er «valdsam» ikkje normert, og voldsom plar gjevast anna omsetjing i bokmål-nynorsk-ordlister.

«Brahmaputra spring ut nær Kailasfjelllet, som er heilag for hinduismen, buddhismen, djainismen og den tibetanske bön-religionen.» Viss det er fjellet som er heilagt må det stå heilagt, ikkje heilag i setninga over. Men då vert neste setninga, «Tibetanarane kallar henne mellom anna «mor-elva».» litt uklar/forvirrande. Er elva mor-elva fordi ho spring ut ved eit heilagt fjell?

Dette ligg ute på framsida no, og eg kan ikkje endre det. --46.15.232.105 6. januar 2014 kl. 19:21 (CET)Svar

Takk for innspel! Eg utførte rettingane og fjerna mor-elva - tekstutvalet bør verken vera for langt eller forvirrande. --Ranveig (diskusjon) 6. januar 2014 kl. 19:28 (CET)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 2, 2014».