Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 17, 2008

fordi eg er sprekkferdig stolt over det som er gjort! Hogne 22:10, 1 april 2008 (CEST)

Men det er knapt nokon artikkel, heller ei liste. Ei særs god liste, viktig er ho òg, men ingen eigentleg artikkel. --Ekko 22:25, 1 april 2008 (CEST)
Sjølvsagt er det ein artikkel. Også lister er artiklar. På bokmål har dei Utmerkede_lister og dei beste kjem på framsida. Denne artikkelen/lista er så framifrå at me må visa han fram! Hogne 22:36, 1 april 2008 (CEST)
OK, om du står på at alt er artiklar: Denne artikkelen gjev lite informasjon om fenomenet fjordar i Noreg, han er mest ei oppramsing. Skulle han vera ein god artikkel burde han forklare korleis norske fjordar kom til, kva som skil dei frå fjordar i andre land, kva dei har til felles med fjordar i andre land, kva slags rolle dei har spela for norsk historie og norsk kultur, korleis dei pregar dei ulike delane av landet. Ja, eg er klar over at dei har noko dei kallar utmerkede lister på bokmålsutgåva. Etter mi meining kunne dei kaldt dei komplette lister og latt det bli med det. Kriteria for at noko skal kallast utmerka er nok litt annleis her. --Ekko 23:06, 1 april 2008 (CEST)
Artikkelen treng meir tekst, og høgrekanten kan fyllast med fleire bilete/ kart. Når det skjer, er dette ein grei vekas artikkel. --Tannkrem 23:10, 1 april 2008 (CEST)
Eg støtter kandidaturet til lista Fjordar i Noreg. Rett nok kan lista få ei kort men forbetra innleiing, som gjer betre greie for hva ein fjord er, og for den norske geologien som har skapt fjordane, men hovedsaken er lista i seg sjølv, og det er ein god sak.
På bokmåls-wp har vi laga mange lister, og eg er overtydd om at dei har sin verdi, først og fremst fordi dei et eit prov på brei/fullstendig dekning på viktige område (Nokre døme: norske, svenske, britiske kongar, sambandsstatanes presidentar, spellemannprisvinnarar). Lat oss for retorikkens skyld samanlikne med Tomas Masaryk (og ikkje eit vondt ord om den artikkelen, men eit døme må ein jo ha): Dersom vi bruker Vekas artikkel til å skryte av hvor gode nn:wp er, så er ei komplett artikkelsuite med 1190 artiklar om norske fjordar like mykje verdt å nemne som ein djupartikkel om ein tsjekkisk statsmann; og dersom vi bruker Vekas artikkel til å trekke fram emne som vi trur kan interessere ålmenta, så er også eit oversyn over fjordar like godt eigna som andre emne. Mbh --Orland 17:01, 14 april 2008 (CEST)
Eg støttar framlegget. Artikkelen «Fjordar i Noreg» er eit storverk som fortener utstilling på hovudsida. --Sigmundg 22:48, 14 april 2008 (CEST)
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 17, 2008».