Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 19, 2011

Det nærmar seg eksamenstid, difor forslag 1:

Eit simulert svart hòl med ti gonger så stor masse som sola. Sett frå ein avstand på 600 km, med Mjølkevegen i bakgrunnen (vassrett kameravinkel: 90°).

Den generelle relativitetsteorien, ofte berre kalla Generell relativitet, er ein teori om gravitasjon som vart publisert av Albert Einstein i 1915. Han sameinar den spesielle relativitetsteorien og Isaac Newton sin universelle gravitasjon med ideen om at gravitasjonen ikkje er ei kraft i tradisjonell meining, men ein manifestasjon av at romtida vert bøygd. Denne bøyinga vert avgjort av energien og materien si fordeling i rommet.


Hogne 31. mars 2011 kl. 09:49 (CEST)Svar

Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 19, 2011».