Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 35, 2011
Forslag 1:
Sherlock Holmes er ein klassisk krimhet skapt av den engelske forfattaren Arthur Conan Doyle. Han er ein meisterdetektiv som brukar deduksjon som sitt beste hjelpemiddel.
Sherlock Holmes er hovudperson i meir enn 60 historier, inkludert fire romanar førte i pennen av Conan Doyle. Også seinere forfattarar har skrive Sherlock Holmes-historier, som Colin Dexter og Umberto Eco.
Holmes er mest truleg fødd i starten av 1854. Han starta som privatdetektiv i 1878 og trekte seg tilbake i 1903. Partnarskapen hans med dr. Watson starta i 1881. I samtida var forteljingane om Sherlock Holmes populære. Sherlock Holmes gjorde adressa si på Baker Street 221 B like så udøyeleg som han sjølv blei. Sjølv om adressa var fiktiv, er ho grunna populariteten til bøkene blitt oppretta, og Baker Street er såleis ei av dei mest kjende gatene i verda og eit populært turistmål.
-- Hogne 15. august 2011 kl. 14:45 (CEST)
- Ja, den er god. --Ranveig 16. august 2011 kl. 12:53 (CEST)
Skriveleif Nokon med retten til det bør fikse krimhet -> krimhelt på første linja. Larsivi 29. august 2011 kl. 10:17 (CEST)