Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 43, 2007

er det forslag om, slett ikkje noko dårleg forslag. Det er såpass få raude lenkjer at det bør vere mogleg å få til samtlege. Litt meir på historiebolken ("relativt seint" held t.d. ikkje), og kjeldematerialet vil eg tru allereie no er breiare enn det som står oppgjeve. Trondtr 00:20, 8 oktober 2007 (CEST).

...som i 1963 osv. Truleg tar Brann "gullet hem" denne veka. Evt. veka etter eller då det skulle verte klart. --Frokor 14:40, 8 oktober 2007 (CEST)

...som vestlending er det vanskeleg å seie nei til eit slikt forslag. Heia Brann! Men er det nokon som kjenner til kvifor namnet Brann vart vald? Hogne 20:46, 8 oktober 2007 (CEST)
Og kva tyder "Gullet skal hem"? Hem? 44 år sidan det var i Bergen, så det er vel ikkje heim lenger? [[VIF-hatt av]]. --Ekko 21:08, 8 oktober 2007 (CEST)
Det tyder "heim der det høyrer heime" :D Kvifor Brann vart vald veit eg ikkje, men eg særs glad for at dei ikkje haldt på Fart som det opphavlege namnet var :S --Frokor 22:00, 8 oktober 2007 (CEST)
Finnmark kan vente. Trondtr 22:07, 8 oktober 2007 (CEST).
Er Brann noko å bruka spalteplass på i eit nynorsk leksikon då? I følgje artikkelen har dei berre to målmenn...
Neidå, gullet skal heim og det skal markerast med «Vekas artikkel» den dagen det er i boks. I så fall vert eg blid og nøgd.--Gunnar Mikalsen Kvifte 22:17, 8 oktober 2007 (CEST)
Å som eg gler meg til neste haust! Og Oslos stolthet har målmenn som Grindheim og Aabrekk, for ikkje å gløyme gamle heltar som I. --Ekko 22:32, 8 oktober 2007 (CEST)

Brann går i mål, men eg må gje gult kort til innleiinga. Mykje av det som står der høyrer eigentleg til under byrjinga av Historie. Kan ein som er litt gladare i fotball enn meg triksa litt slik at det blir betre? --Ranveig 18:12, 9 oktober 2007 (CEST)

Ballmottaket er ikkje slik det ein gong var, men introen vart i alle fall noko betre trur eg. Flytta ein del til historiebolken der det høyrer heime (eller heme). --Frokor 18:41, 9 oktober 2007 (CEST)
Dette vart framifrå. Vørnad til deg!--Gunnar Mikalsen Kvifte 19:26, 9 oktober 2007 (CEST)
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 43, 2007».