Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 52, 2007

Forslag 1: Englar

endre

Fordi det er midt i julefreden og Gabriell er aktuell og dette er ein fin artikkel av RannveigKnut. Raude lenkjer på Babylon, Mesoptamia, Assyria og Dei_apokryfe_skriftene. Hogne 09:03, 30 november 2007 (CET)

Støttar med ei rørande tolking av sisteverset på «Deilig er jorden». --Ranveig 03:13, 2 desember 2007 (CET)
Støttar eg òg, men vil heller tolka «Fager er jordi»...--Gunnar Mikalsen Kvifte 05:48, 3 desember 2007 (CET)
Litt kort, samanlikna med bokmålsutgåva. Ikkje så verst heller, samanlikna med den svenske og danske. Støttar forslaget, så får me ta med om engleskular til neste gong. --Anders 11:34, 3 desember 2007 (CET)
Dersom vi har kjeldegrunnlag, kan vi ta inn ein bolk om engleskulen. Men det er ikkje noko poeng å gjere artiklane så lange: Vår artikkel er betre enn den på bm-wiki, bm-artikkelen har mykje mellomaldersk englelære som mest forvirrar vanlege lesarar. -Knut 16:02, 3 desember 2007 (CET)
Heilt einig, det er ikkje storleiken det kjem an på. Engelsk-artiklar er ofte særs lange, men så inneheld dei mykje røresøl òg. Me kunne kanskje hatt meir populærkultur i denne (men ikkje på listeform, takk!). --Ranveig 16:28, 3 desember 2007 (CET)
Det var no ikkje meininga å gje uttrykk for at artikkelen er dårleg om nokon tolka det slik. Artikkelen er grei den, var poenget mitt. Altfor lange artiklar er jo ikkje akkurat bra det heller.

--Anders 20:25, 3 desember 2007 (CET)

Og det var ikkje meininga mi å gje uttrykk for at artikkelen ikkje kan bli betre. Men skal han bli betre, gå den vegen Ranveig skisserer. Eg er så lite vand med å sjå Anders rose bm-wikien, det var vel difor eg reagerte. -Knut 22:32, 3 desember 2007 (CET)
Eg ber om orsaking, Knut. Det skal ikkje bli ei vane å rose bm-wikien for mykje, før dei gjer seg tent. Skrive lange artiklar kan dei, men dei kunne godt bruke kjelder meir, så hadde dei nok ikkje skrive så mykje unøyaktige feil. Nøgd no? :) --Anders 14:51, 16 desember 2007 (CET)
Godt. Vi har ikkje like mange feil på nn som på bm, det er eg viss på, og mange av dei feila vi har, skyldast ukritisk omsetjing frå bm. Men no tør eg ikkje dra denne lenger, det er ikkje sagt at alle ser ironien. Englar brukar både bokmål og nynorsk, men berre helgelandsenglar kan segja: «Inkje skulo de ræddast, di at eg bodar dykk myken fagnad, som skal vera fyre heile lyden»[1] - Knut 16:15, 16 desember 2007 (CET)
Vi skulle absolutt hatt nokre liner sist i artikkelen, og ei line sist i framsidesammendraget, som peikar på folketru-englane som passar på oss når vi er i fåre. Men så var det desse kjeldene, då. - Knut 14:14, 16 desember 2007 (CET)
Har nokon eit stilig papirleksikon kor dei kan slå opp på «englevakt»?--Gunnar Mikalsen Kvifte 00:52, 17 desember 2007 (CET)
Om du har ein skrivar i nærleiken er det mogeleg å få ut en:Guardian_Angel på papir.....
Eg må også få fortelje om då eg var i ein trafikkulukke, bilen hamna på taket, men me kunne klatre uskadde ut. Ein yngre redningsmann uttala då: "Her har de hatt englevakt". Dette var ein meir røynd redningsmann ikkje samd i : "Nei, dette er ikkje englevakt. Bilbelte kan de takka, bilbelte" Hogne 08:25, 17 desember 2007 (CET)
Så eit par liner om bilbelte til slutt då? --Frokor 09:45, 17 desember 2007 (CET)
Bilbelte fortener ein eigen artikkel av slik karakter at den kan presenterast på forsida, men har vel like lite med englar å gjere som englar har med biltrafikk å gjere. Hogne 10:04, 17 desember 2007 (CET)
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 52, 2007».