Wikipedia-diskusjon:WikiReports NN.pl

Kva denne Wikipedia-sida er og ikkje er endre

Erik Zachte, skaparen av Wikistats, har gjeve oss lov til å leggja ut språkscripta han brukar for å omsetja statistikken til ulike språk, i Wikipedia, for at alle skal ha høve til å vera med å gjera omsetjingane so gode som mogleg.

Det er ingen automatikk i at endringar her kjem med på neste statistikk-køyring. I siste omgang lyt Erik Zachte sjølv leggja scriptet inn på den maskina han køyrar statistikkuthentinga ifrå, før det får effekt.

Diskusjon kring omsetjingar endre

Peikar eller lenkje? endre

Eg føreslår å bruke «lenkje(r)» heller enn «peikar(ar)» — synest det kling betre. -- Olve 27. mai 2005 kl. 0903 (UTC)

Smaken er som baken – interessant!  :-)
Eg personleg har alltid synst den måten å bruka ordet lenkje på, høyrest grusom ut på norsk og er erkeeksempelet på elendig omsetjing.
Eg veit ikkje kven som først fann på å omsetja det engelske link med lenk(j)e på norsk, men særleg medvite trur eg ikkje det var. Opprinneleg er jo ei lenkje ei heil kjede, medan ein link er eitt ledd i ei kjede. (Me seier ikkje "den manglande lenkja" om "the missing link".) Dessutan er ei lenkje noko ein brukar for å binda noko(n) fast (t.d. eit ur eller ein hund), og ikkje noko som fører deg vidare til noko anna, slik ei tilvising (eller ein peikar) gjer.
Eg er ikkje dummare enn at eg skjønar at det er ei heilt ny og uavhengig tyding av ordet «lenkje» tilhengjarane av det vil innføra. Men viss vi skal laga eit nytt ord, treng vi vel ikkje velja eitt som har ei anna tyding frå før? Eg har alltid sagt peikar og trur ikkje nokon har hatt problem med å forstå meg.
I akkurat denne konteksten (wikipedia-statistikken) synest eg faktisk at det beste kanskje kunne vera å ikkje bruka korkje lenkjer eller peikarar, men kryssreferansar!
--Verdlanco\diskusjon 27. mai 2005 kl. 1308 (UTC)

Sjå òg: «Erstatta lenkje med peikar?»

Tilbake til prosjektsiden «WikiReports NN.pl».