Wikipedia:AutoWikiBrowser

AutoWikiBrowser


UtviklarAutoWikiBrowser Project
Nyaste versjon6.3.0.0 (16. januar 2024)[1]
PlattformMicrosoft Windows
OperativsystemWindows
Skrevet iC Sharp
SjangerWikipedia-verktøy
LisensGPLv2
Nettstadsourceforge.net/.../autowikibrowser

 

AutoWikiBrowser (forkorta AWB) er eit halvautomatisk verktøy for å redigera Wikipedia-artiklar. Verktøyet fungerer med Windows Vista eller nyare. Programmet er utvikla for å gjera repeterande endringar raskare og enklare. Det er eigenleg ein nettlesar som automatisk opnar ei ny side når den førre er lagra. Når sida blir opna kan verktøyet òg gje ulike forslag, vanlegvis knytte til formatering, som er rekna som eit tillegg til hovudredigeringa.

AWB kan generera lister over oppføringar frå éin eller fleire kategoriar, frå kva som lenkjar til ei gjeven side, frå internlenker på ei side, frå ei tekstfil, frå eit nettsøk, frå ei overvakingsliste eller frå bidraga til ein enkeltbrukar.

AWB har òg eit verktøy for å gå gjennom databasen og ein utviklingsversjon av eit program som overvaker den engelskspråklege Wikipedia sin IRC-kanal for dei nyaste endringane.

Kjeldekoden er tilgjengeleg under GPL-lisensen. Programmet er skapt i C# med Microsofts Visual C# Express Edition/Visual Studio, som kan lastast ned gratis. Det finst også ein egen IRC-kanal for AWB: chat.freenode.net -#AutoWikiBrowser.

Reglar for bruk endre

  • Brukaren er ansvarleg for alle redigeringar som blir utført. Ein må vera sikker på at ein forstår endringane.
  • Overhald alle retningslinene til Wikipedia, og dessutan felles praksis.
  • Ikkje gjer kontroversielle endringar med dette verktøyet. Søk konsensus for endringar som kan vera kontroversielle.
  • Ikkje gjer ubetydelege eller inkonsekvente redigeringar. Ei endring som ikkje har nokon merkbar effekt på ei viss side er generelt sett på som ei ubetydeleg endring, til dømes innsetting av ekstra tomme rader, flytting av usynlege malar, endring frå HTML til Unicode, fjerne understrek frå lenkjer, og så vidare. Viss du er i tvil, eller viss andre brukarar motset seg endringar på grunnlag av denne regelen, søk konsensus på eit passande stad før du gjer ytterlegare endringar.

Bruksanvisning endre

Kven som helst kan bruka verktøyet, men du må logga inn på den språkversjonen av Wikipedia der du ynskjer å bruka verktøyet. Viss du ikkje har ein konto, kan du oppretta éin her. Wikipedia på nynorsk krev inga spesiell godkjenning endå. Andre utgåver, som til dømes den engelske eller Wikimedia Commons, krev løyve frå ei granskingsgruppe før dei får lov til å køyra AWB der.

Steg 1: Last ned programmet endre

For å ta i bruk verktøyet eller om du berre ynskjer å sjekka det ut, kan du lasta ned AutoWikiBrowser frå SourceForge.

Steg 2: Innlogging endre

Først og fremst må du velja kva for ein språkversjon du vil redigera på (den engelske versjonen er forhåndsinnstilt). For å endra, gå til «Options» → «Preferences» (eventuelt hurtigtasten «Ctrl+P»), deretter går til fliken «Site» og vel den språkversjonen du vil redigera på (for å velja Nynorsk Wikipedia vel du «nn»). For å bruka verktøyet, må du ha ein konto på den språkversjonen av Wikipedia der du ynskjer å bruka verktøyet. For å logga inn på kontoen din, klikk på «File» → «Log In» og skriv inn brukarnamn og passord i boksen som vert vist.

Steg 3: Koma i gang med AWB endre

  1. Vel «Make from Category» (lag frå kategori) og skriv deretter inn eit kategorinamn.
  2. Klikk «Make list» (lag liste) og la lista genererast.
  3. Lag dine eigne innstillingar, til dømes «Find and replace» (finn og erstatt), «Edit summary» (redigeringsforklaring), og så vidare.
  4. Klikk «Start!». Verktøyet vil no lasta opp ein artikkel frå lista, utføra dei automatiske endringane, og deretter gå til dialogboksen der endringane vert vist.
  5. Du kan deretter endra kva du vil i artikkelen manuelt i tekstboksen nede til høgre.
  6. Klikkar deretter anten «Save» (lager) eller «Ignore» (ignorér), og neste side på lista vert automatisk lasta opp.

PS! Ver varsam ved bruk av «General fixes», eller fjern haka som alternativ viss du er usikker. «General fixes» utfører mange nyttige redigeringer, men er tilpassa engelsk Wikipedia.

Kjelder endre

  1. https://sourceforge.net/projects/autowikibrowser/files/autowikibrowser/AutoWikiBrowser6300/; utgjevingstidspunkt: 16. januar 2024.