Wikipedia:Brukargrensesnittet

Brukargrensesnittet på Wikipedia vert sett om på translatewiki.net, med unntak av meldingar som MediaWiki:Sitenotice, som er for lokale føremål. Eit oversyn over systemmeldingar kan ein finna på Spesial:Alle systemmeldingar og eksternt her (kjernemeldingar) og her (utvidingar).

Har ein funne ein språkleg/teknisk feil i ei systemmelding, kan ein registrera seg på translatewiki og fylgja instruksjonane der for å få omsetjingsrettar, og gjera endringa sjølv. Alternativt kan ein be ein av omsetjarane lista opp på nynorskportalen der (gjerne på diskusjonssidene deira her på Nynorsk Wikipedia) om å gjera endringa for ein. Med administratorrettar kan ein òg gjera endringa lokalt på Nynorsk Wikipedia, men dette vil berre overkøyra den sentrale omsetjinga, og ikkje retta ho. Difor bør dette berre vera ei mellombelsløysing med mindre ein ynskjer å ha ein lokal versjon av omsetjinga.


Bakgrunnsstoff

endre