Wikipedia:Formlære
Formlæra eller grammatikken i nynorsk er ofte meir mangslungen og/eller annleis enn grammatikken i bokmålet, slik at det som kan vera rett setningsbygnad på bokmål, kan vera rangt på nynorsk.
Varaord (pronomen)
endreEin ålmenn regel for varaorda er at dei som regel skal stå etter ordet dei høyrer til; til dømes katten hans i staden for hans katt. Under fylgjer fleire døme:
Rangt | Rett |
---|---|
hans interesser er | interessene hans er |
hennar bil svinga av | bilen hennar svinga av |
deira plan gjekk ut på | planen deira gjekk ut på |
dykkar meining tel ikkje | meininga dykkar tel ikkje |
dei hadde sitt arbeid på staden | dei hadde arbeidet sitt på staden |
våre folk er på staden | folka våre er på staden |
Merk at det likevel er det rette å setja varaordet fyrst om ein ynskjer å leggja vekt på eigehøvet: «Deira plan gjekk ut på noko heilt anna».
St-former
endreDei fleste st-formene (kastast, spelast, etast osb.) er berre normerte i nemneforma (infinitiv), til skilnad frå s-formene i bokmålet som i tillegg er definerte i notid (presens).[1] For å sjå om orda er i nemneform eller notidsform, kan ein freista setja inn eit anna verb som ein kjenner notidsforma på - tak setninga dei skytast på av fienden og byt ut st-forma med t.d. nemneforma tenkja og sjå om det passar. Det gjev dei tenkja på fienden, som openbert er feil. Løysinga er å skriva om setninga: dei vert/blir skotne på av fienden, dei kjem under eld frå fienden, fienden skyt på dei osb.
Merk: sume orda vert bøygde i tid, slike som å høyrast - no høyrest det, å treffast - no treffest dei. Er ein uviss på ein kan bøya ordet i tid, lyt ein slå opp i ordboka.
Fleire døme:
Rangt | Rett (døme 1) | Rett (døme 2) |
---|---|---|
søppelet kastast her | søppeleg vert/blir kasta her | ein kastar søppelet her |
landet styrast av ein monark | landet vert styrt av ein monark | lander er styrt av ein monark |
det brukast feil | det vert bruka feil | det er bruka feil |
det lyt underskrivast | det lyt verta underskrive | ein lyt underskriva/skriva under på det |
Rangt | Rett |
---|---|
det høyrast ikkje bra ut | det høyrest ikkje bra ut |
det finnast ikkje | det finst ikkje |
eg synast ikkje det | eg synest ikkje det |
Slå opp i ordboka for å finna dei fullstendige bøyingane til dei einskilde gjerningsorda. Nokre døme på st-gjerningsord som vert bøygde i tid, og bøyinga deira:
- å høyrast - høyrest - høyrdest - har høyrst
- å finnast - finst - fanst - har funnest
- å synast ('meina') - synest - syntest - har synst
- å blygjast - blygjest - blygdest - har blygst
- å betrast - betrast - betrast - har betrast
Eigehøve
endrePå nynorsk nyttar ein i hovudsak s-genitiven for eigennamn (Lisas hus) og i faste vendingar (ein times tid).[2] Elles nyttar ein helst preposisjonar til å syna eigehøve:
Dårleg | Dugande |
---|---|
landets innbyggjarar | innbyggjarane i landet |
folkets rettar | rettane til/åt folket |
turens høgdepunkt | høgdepunktet på turen |
Kva er dei andres meining? | Kva meiner dei andre?/Kva er meininga til dei andre? |
Samsvarsbøying
endreKort sagt er endingane til samsvarsbøyinga soleis: -e (inkjekjønn), -en (ho- og hankjønn), -ne (fleirtal).[3] Inkjekjønnsendinga fell saman med perfektum partisipp; slik at ein lett kan ta utgangspunkt i det: har kome (perfektum partisipp), det er kome (inkjekjønn), han/ho er komen (han- og hokjønn) og dei er komne (fleirtal). Det er då slik at med det same ein kjenner til «rota» som vert nytta i samsvarsbøyinga, kan ein lett finna den rette samsvarsbøyinga: kom + -e, -en eller -ne. Slik er det for dei fleste gjerningsorda, men det finst unnatak, til dømes finna: funne - funnen - funne.
Det er berre dei to gjerningsorda verta/bli og vera som tek samsvarsbøying. Døme:
Verbform - Verb | Inkjekjønn | Han- og hokjønn | Fleirtal |
---|---|---|---|
vera - skyta | Det kan vera skote. | Han/ho kan vera skoten. | Dei kan vera skotne. |
er - verta | Det er vorte gamalt. | Han/ho er vorten gamal. | Dei er vortne gamle. |
var - frysa | Det var frose. | Han/ho var frosen. | Dei var frosne. |
vore - be(da) | Det har vore bede. | Han/ho har vore beden. | Dei har vore bedne. |
verta/bli - gje(va) | Det kan verta gjeve. | Han/ho kan verta gjeven. | Dei kan verta gjevne. |
vert/blir - eta | Det vert ete. | Han/ho vert eten. | Dei vert etne. |
vart/blei - bera | Det vart bore. | Han/ho vart boren. | Dei vart borne. |
vorte/blitt - finna | Det har vorte funne. | Han/ho har vorte funnen. | Dei har vorte funne. |
Kjelder og bakgrunnsstoff
endre- ↑ «Verb som endar på -st» - Språkrådet
- ↑ Sida «s-genitiv» hjå Språkrådet
- ↑ Sida «Full samsvarsbøying» hjå Språkrådet.