Krav til gode artiklar
For at ein artikkel skal få merkelappen «God artikkel», må han oppfylle desse krava:
Ein god artikkel...
|
- har ei enkel og kortfatta innleiing
- innleiinga forklarer og oppsummerer kva artikkelen dreier seg om, også for ikkje-ekspertar
- det skal vera mogleg å få ei forståing for emnet bare ved å lesa innleiinga
Innhald og kjelderEndra
- informerer om emnet sitt
- vantar ikkje viktige punkt som gjeld emnet
- går ikkje for langt inn på andre emne
- er ikkje for detaljert for eit allmennleksikon
- detaljar som går for djupt eller høyrer til eit anna emne kan lett flyttast vidare til ein annan artikkel
- er etterretteleg
- har ei fyldig kjeldeliste, eller det som står kan lett etterprøvast
- tar utgangspunkt i veldokumenteterte hovudsyn på saka (kontroversielle synspunkt bør nemnast seinare)
- er nøytral
- forfattaren skal ikkje vera partisk
- global vinkling heller enn lokal der det går
- har ei passande mengde lenkjer til og frå
- der er rikeleg med lenkjer, men den vanlege teksten druknar ikkje i dei
- har for det meste blåe lenkjer, det vil seie at det i enden av lenkjene finst artiklar. Desse er utfyllande og forklarande, og gir lesaren god innsikt i emne som eventuelt er naudsynte for å forstå innhaldet i hovudartikkelen (støtteartiklar).
- blir vist til frå andre sider (sjå under Lenkjer hit)
- fører eit godt språk
- har ingen skrivefeil eller grammatiske feil
- held seg til éi målform i heile artikkelen
- laus og ledig språkføring utan preg av andre språk
- har illustrerande filer der det er mogleg
- filene står til noko som blir skildra i teksten
- filene forstyrrar ikkje for teksten
|
|