Wikipedia:Opprydding

Snarvegar:
WP:O

Somme artiklar kan vera rotete skrivne og/eller ikkje i samsvar med retningslinene for oppsett av artiklar (sjå stilmanualen), og det kan henda det trengst ei opprydding. Det som bør gjerast kan mellom anna vera omskriving, standardisering og «wikifisering», eller rett og slett innkorting.

Artiklar som er merka for opprydding: For å finna ut kva slags opprydding som kan vera aktuell, sjå til dømes stilmanualen eller les diskusjonssida til artikkelen. Dersom du er usikker på kvifor ein artikkel er merka, spør på diskusjonssida, spør den som la inn merket, be nokon andre om råd, eller be om ekspertråd på eit wikiprosjekt. Viss du veit at artikkelen er ferdig rydda både for openberre feil og eventuelle andre problem som er omtalt på diskusjonssida, kan du gjerne stryke merkinga. Men det er ikkje farleg om merket blir ståande viss du ikkje er sikker på kva som bør gjerast, og andre bidragsytarar kan då bli merksame på artikkelen og koma innom seinare for å rydda opp.

Artiklar som ikkje er merka, men verkar rotete eller ikkje etter stilmanualen, og som du sjølv ikkje har nok av tid, lyst eller kunnskap til å ordna, kan merkast med {{opprydding}} ein høveleg stad i artikkelen. Følgjande boks vil då stå i artikkelen, som vil hamna i kategori:opprydding, og vonaleg er det nokon som vil ta seg bryet med å rydda opp.

Men den beste løysinga er som oftast å gjera ei snøgg opprydding sjølv i staden for å merka artikkelen for opprydding. Ver modig!

For ei oversikt over sider som treng opprydding, sjå kategori:opprydding.

For forslag om sletting av sider, sjå Wikipedia:sletting.