Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 11, 2005

Pingvinen Tux er rekna som maskott og symbol for Linux
Pingvinen Tux er rekna som maskott og symbol for Linux

Linux er eit datamaskinoperativsystem og kjernen det er bygd på. Det er mellom dei best kjende døma på fri programvare og open kjeldekode-utvikling.

Nemninga Linux gjeld eigentleg berre Linuxkjernen, men vert i dag nytta om heile Unix-liknande operativsystem (òg kjende som GNU/Linux) som er tufta på Linuxkjernen, biblioteka og verktøya frå GNU-prosjektet. Linuxdistribusjonar inneheld ofte store mengder programvare attåt kjernesystemet.

Linux vart opphavleg utvikla for Intel 386-mikroprosessorar, men stør no fleire ulike prosessorarkitekturar. Det vert nytta i alt frå personlege datamaskinar til superdatamaskinar og småsystem som mobiltelefonar og videokamera. Les meir...