Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 21, 2008
Isar er ei 295 km lang elv i Austerrike og Tyskland. Ho er ei av sideelvene til Donau. Etter Inn og Lech er Isar den tredje viktigaste tyske sideelva til Donau. Tidlegare var elva brei og grunn, med mange øyar av grus og sand. Bortsett frå nokre plassar lengst opp er dette preget regulert bort. Middelvassføringa er 175 m³/s (til samanlikning har Glomma 700 m³/s).
Isar er utsett for flaum og før ho vart regulert skapte elva ofte flaum i byane langs elva og gjorde store øydeleggingar og tok livet av mange menneske. I 1813 kollapsa ei bru i München under ein flaum og 100 menneske mista livet. På 1920-talet byrja ein å byggje vasskraftverk, og frå 1954 til 1959 bygde ein Sylvensteinspeicher for å produsere straum og for å verne mot flaumar. Dette førte mellom anna til at landsbyen Fall var lagd under vatn. Når vassnivået i reservoaret er svært lågt, kan ein framleis sjå kyrkjetårnet stikke ut av vatnet. Les meir…