Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 24, 2006

nn:Ingapirca monument frå inkatida

Ecuadoriansk historie handlar om historia for territoriet som utgjer dagens ecuadorianske stat. Økologiske og topografiske forhold i området var eit hinder for tidleg integrasjon, så ulikskap i språk, trusspørsmål og levevis vart framdyrka. Dette hindra ikkje handelssamkvem mellom folkeslag i dei ulike regionar.

Det opphavelege namnet for statsdanninga var Quito, det som er kalla det første store kongeriket Quito vart skipa ein gong på 1300-talet. Grensedraginga for den moderne staten Ecuador har vore konfliktfylt emne fram til 1998 då ein fredsavtale med Peru kom i stand. Ecuador fekk då ein kvadratkilometer av Peru i Amazonasregionen (Oriente) i sør og grensa vart endeleg fastlagd. Les meir