Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 3, 2010
Haiti er eit land som utgjer den vestlege tredjedelen av øya Hispaniola i Det karibiske havet, aust for Cuba – Den dominikanske republikken utgjer resten. Øya er ein del av Dei store Antillane. Namnet Haiti (opphavleg Ayiti) er indiansk og tyder «høgt land». Landet er det mest fjellrike i Karibia, og den høgste toppen er Pic la Selle på 2680 moh. Arealet til Haiti er 27 750 kvadratkilometer, og hovudstaden er Port-au-Prince. Haiti har eit tropisk havklima med mykje nedbør på nordkysten, medan den sørlege delen av landet er tørrare.
Haiti er i dag rekna som det fattigaste landet på den vestlege halvkula. Landet var opphavleg ein fransk koloni, men var mellom dei fyrste landa som erklærte seg sjølvstendig, etter eit slaveopprør i kjølvatnet av den franske revolusjonen, i 1804. Les meir …