Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 47, 2010
Meksikansk mat representerer ein av dei store mattradisjonane i verda. Som så mykje anna i meksikansk kultur er soga om meksikansk mat soga om møtet mellom dei opphavlege, prekolumbiske kulturane og dei spanske conquistadorane. Også seinare har Mexico motteke impulsar utanfrå, til dømes den franske invasjonen i 1860-åra.
Dei grunnleggande trekka i meksikansk kokekunst stammar frå det prekolumbiske kjøkkenet. Det gjeld mellom anna grunnæringsmiddelet tortilla og bruken av chili som smakstilsetting, samt mange av dei grunnleggande matlagingsteknikkane. Mange av kjøkkenorda stammar difor frå urspråket nahuatl, slik som atole (ein maisdrikk), mole (fleire typar saus), metate (ein steinmortar) og mange fleire. Spanjolane tok med seg mange nye råstoff som gjorde kjøkkenet rikare, men endra det ikkje grunnleggande. Les meir …