Wim Kok

nederlandsk politikar

Willem Kok, kjend som Wim Kok, (29. september 193820. oktober 2018) var ein nederlandsk politikar frå Krimpenerwaard. Han var frå 1994 til 2002 statsminister i Nederland.

Wim Kok

Fødd29. september 1938
Bergambacht
Død20. oktober 2018 (80 år)
Statsborgar avKongeriket Nederlanda
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Utdanna vedNyenrode Business Universiteit
EktefelleRita Kok
MedlemFederatie Nederlandse Vakbeweging
Vervstatsminister i Nederland 1994 til 2002
Alle verv
  • Nederlands statsminister (1994–2002)
  • Minister of State (Nederland) (2003–)
  • medlem av Tweede Kamer (underhuset) (1998–1998)
  • Leader of the Labour Party (1986–2001)
  • Nederlands stedfotredende statsminister (1989–1994)
  • Nederlands finansminister (1989–1994)
  • medlem av Tweede Kamer (underhuset) (1994–1994)
  • medlem av Tweede Kamer (underhuset) (1986–1989)
  • Minister of General Affairs (1994–2002) Sjå dette på Wikidata

Kok var leiar av eit sosialistisk fagforbund frå 1972 til -76. Då det same forbundet i 1976 slo seg saman med eit katolskleidd fagforbund, tok han over som leiar av det nye forbundet, ein posisjon han hadde til 1985. Frå 1986 representerte han arbeidarpartiet PvdA i nasjonalforsamlinga. Same året vart han vald til leiar av partiet. Perioden 1989-94 var han finansminister i ei koalisjonsfregjering leidd av Ruud Lubbers.

Den 22. august 1994 vart Kok utnemnd til statsminister i Nederland. Dei neste åtte åra stod han i spissen for ei koalisjonsregjering beståande av PvdA og liberalkonservative VVD og sosialliberale Democrats 66. Kok-koalisjonen heldt fram etter valet i 1998. Regjeringa førte ein pragmatisk og konsensusorientert politikk. Kok-regjeringa gjekk av 22. juli 2002, delvis grunna i sterk offentleg kritikk for handteringa av kringsetjinga av Srebrenica i 1995. Kok gjekk frå formannsrolla i PvdA i desember 2001.

Kjelder endre