Wirtschaftswunder

Wirtschaftswunder (tysk for «økonomisk under») er ei nemning brukt om to økonomiske oppsving i Tyskland, og om tilsvarande prosessar i Austerrike og Japan etter andre verdskrigen.

Volkswagen var eit symbol for tysk økonomisk gjenreising, her bil nummer éin million

«Det fyrste tyske Wirtschaftswunder» var mellom 1890 og 1914. «Det andre tyske Wirtschaftswunder» viser til den raske gjenoppbygginga og det vedvarande økonomiske oppsvinget i Vest-Tyskland etter valutareforma i juni 1948, der den inflasjonsramma riksmarken blei bytt ut med Deutsche Mark. Arkitektane bak det vesttyske Wirtschaftswunder var Konrad Adenauer og finansministeren hans Ludwig Erhard.

Kjelder endre

Balgrunnsstoff endre