World Organization of the Scout Movement

World Organization of the Scout Movement (Den verdsomspennande speidarorganisasjonen), oftast forkorta WOSM, er ein global organisasjon som støttar gutespeidarforbund i 153 land. Han har hovudkvarter i Genève i Sveits. WOSM arrangerer kvart fjerde år ein verdsjamboree. Motstykket for jentespeidarar heiter World Association of Girl Guides and Girl Scouts (WAGGGS).

World Organization of the Scout Movement
Typesamskipnad
Skipa1922
HovudkontorGenève
Nettstadhttps://www.scout.org Sjå dette på Wikidata

Merket

endre

WOSM-medlemskapsmerket er eit lilla, sirkelforma merke med ein fransk lilje i midten, omringa av eit sirkelforma tau som er knytt saman med ein båtmannsknop nedst. Fleur-de-lis er eit gamalt symbol, tidlegare brukt av Baden-Powell i British Army og seinare også brukt i speiding. Pilspissen representerer pila mot nord på eit kompass, og skal vise speidarane vegen til teneste og eining. Dei tre punkta på fleur-de-lis-en representerer dei tre punkta i speidarløftet, tene Gud, hjelpe andre og leve etter speidarlova. Dei to femtagga stjernene står for sanning og kunne, og dei ti taggane representerer dei ti punkta i speidarlova. Tauet rundt merket symboliserer verdsomspennande venskap.

Bakgrunnsstoff

endre