Xania vart nytta som ei skriftleg kortform av namna «Kristiania» og «Christiania», og var relativt vanleg i skriftlege framstillingar. Mellom anna i folketeljingar og brev er «Xania» nytta som ei avstytting. Bakgrunnen er at den greske bokstaven Χ (chi) i over 1000 år har vore nytta som forkorting for Kristus.

Christiania var namnet på byen Oslo frå 1624 til om lag 1870. I alle høve på 1870-talet byrja ein å stava namnet "Kristiania". I 1924 vart namnet på byen endra til "Oslo".

Ved namneendringa vart byen oppkalla etter kong Kristian IV av Danmark-Noreg