Yağlıdere-elva
Yağlıdere er ei lang og vassrik elv som renn ut i Svartehavet (Karadeniz i Tyrkia) vest i Espiye, som er administrasjonsstad i distriktet med same namn i provinsen Giresun i Tyrkia.
SkildringEndra
Ho har to store og mange små sideelvar. Tohumluk Deresi oppstår i fjellområdet Kurtbeli og vart nytta av nomadiske folk om sommaren. Kılıçlar Deresi spring ut i Erimez. Desse to renn nordover mot Üçköprü (tyder tre bruer på tyrkisk) og landsbyen Çakrak og renn saman der. Etter dette vert elva kalla Yağlıdere. Ho munnar ut i Svartehavet vest for Espiye etter 65 km.
Elva er vassrik, særleg om våren med mykje nedbør og stor snøsmelting i Giresunfjella. Landsbyen Yağlıdere har ofte vorte råka av flaum på grunn av dette.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Yağlıdere stream» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2012.