Yare
Yare er ei elv i Norfolk i England. Den nedre delen av elva renn gjennom nasjonalparken The Broads, der fleire sideelvar renn inn i Yare.
Yare | |||
elv | |||
Yare frå Haven Bridge i Great Yarmouth
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Norfolk | ||
Kjelde | nær Dereham | ||
Munning | i Nordsjøen ved Great Yarmouth | ||
Yare 52°34′21″N 1°44′15″E / 52.5725°N 1.7375°E | |||
Wikimedia Commons: River Yare |
Elva har utspringet sitt sør for Dereham. Ho renn så i austleg retning mot Norwich, der ho passerer i utkanten av byen og møter Wensum før ho renn inn i nasjonalparken. Deretter passerer ho landsbyane Cantley og Reedham og dessutan det isolerte vesle samfunnet Berney Arms før ho renn inn i innsjøen Breydon Water. Såg renn elvane Bure og Waveney inn i ho, og Yare renn til slutt ut i Nordsjøen ved Gorleston i Great Yarmouth. Sistnemnde byen har namn etter elva, «Yare-munningen».
Yare er farbar for små fartøy mellom Norwich og havet, og tidlegare gjekk mykje av den kommersielle trafikken til byen over elva. Det går òg ein farbar kunstig kanal, Haddiscoe Cut mellom Yare og Waveney ved Reedham. Kanalen gjer det mogleg å segle mellom dei to elvene utan å måtte krysse Breydon Water.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yare» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2011.