Japansk yen
(Omdirigert frå Yen)
Yen, av japansk en eller yen (円), er den japanske valutaeininga. Namnet tyder 'sirkel' på japansk.
Den internasjonale valutanemninga for Yen er JPY. Det latinske symbolet er ¥.
Yen vart innførd som valuta i Japan i 1871. Dei offisielle mynteiningane vart då yen (圓), sen (錢) og rin (厘). 1 yen var lik 100 sen som var lik 1000 rin. I 1954 vart sen og rin tekne ut av omlaup.
Pengesetlane finst i valørane 1 000, 2 000, 5 000 og 10 000, medan myntane finst i valørane 1, 5, 10, 50, 100 og 500.