Yrkestrafikkforbundet
Yrkestrafikkforbundet, YTF, er eit norsk fagforbund som er tilslutta Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund. Organisasjonsområdet omfattar alle tilsette i bedrifter som utfører person- og godstransport. Sekretariatet held til i Oslo og forbundsleiar er Jim Klungnes (2016).[1] Organisasjonen gjev mellom anna ut bladet Yrkestrafikk. Forbundet har i underkant av 10 000 medlemmer.
Frå 1955 og fram til 1. januar 2000 heitte forbundet Norsk Rutebilarbeiderforbund.
Kjelder
endre- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 16. november 2016, henta 15. november 2016
«Yrkestrafikkforbundet» av Torgeir Aarvaag Stokke i Store norske leksikon, snl.no.