Ytre Fjordane Kraftlag

Ytre Fjordane Kraftlag var ei norsk kraftverksemd som verka frå 1936 til 2003, då det blei del av Sogn og Fjordane Energi.

Arkivmaterialet komme på Fylkesarkivet

Historie endre

Ålfoten interkommunale kraftselskap vart stifta i 1918. Det var fylkeskommunen og fleire kommunar i ytre Sunnfjord og Nordfjord som tok initiativ til å byggje ut vassdragsressursane i Ålfoten.

Kraftutbygginga drog ut, men utbygginga av linenettet kom derimot i gang. Det skulle vise seg å bli kostesamt. I tillegg vart selskapet råka av økonomiske nedgangstider. Langt færre husstandar enn forventa teikne seg som abonnentar.

Krisa sette for alvor inn i 1927, då fylkeskommunen ville trekkje seg ut mot å betale ein del av skulda selskapet hadde opparbeidd seg. Ei nyskiping, Ålfotselskapet, kom til i 1928. Den nye kraftleverandøren fekk overta linenettet. Eigarkommuane var då reduserte frå 11 til 10.

Det nye selskapet slapp heller ikkje unna raude tal i rekneskapen, og i 1936 makta ikkje kommunane å gjer opp for skulda si. Eigarane fekk akkord, mot at dei slapp ansvar for drifta. Ålfotselskapet vart såleis i praksis avvikla i 1936, men linenettet vart drive til 1938.

Ytre Fjordane Kraftlag vart skipa i 1936, og overtok administrasjonen og nettet frå Ålfotselskapet to år etter.

I 2003 gjekk Ytre Fjordane Kraftlag saman med fleire andre selskap inn i Sogn og Fjordane Energi.

Litteratur endre

  • Nordstrand, Leiv: "Lys og kraft til bygdens behov..." : kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993. Sandane : Sogn og Fjordane energiverk, 1993
  • Solheim, Olav Birger: Aalfotsaka 1918-1938. Hovedoppgåve i historie - Universitetet i Trondheim, 1986

Arkiv endre

Arkivet frå Ytre Fjordane Kraftlag er ferdig ordna, og er oppbevart på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Det dekkjer perioden frå oppstarten av Ålfoten interkommunale kraftselskap i 1918 og fram til om lag 1970.

Bakgrunnsstoff endre