Ytterpollen
68°16′11″N 13°46′34″E / 68.26972°N 13.77611°E
Ytterpollen | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Borgpollan | ||
Ytterpollen 68°16′08″N 13°46′30″E / 68.269°N 13.775°E | |||
Wikimedia Commons: Ytterpollen |
Ytterpollen er ein fjord eller ein poll på Vestvågøy i Lofoten. Fjorden strekkjer seg 5,5 km sørover, og inkludert Innerpollen, som ligg innanfor, er han 8 km lang.
Fjorden har innløp ved Nesjeøya og to små sund på kvar side. Jevollstraumen er det største av sunda. Sør for Nesjeøya vert fjorden kalla Lauvåspollen. Etter den vesle Lauvåsen som ligg på austsida. Lauvåspollen endar ved Evjestraumen som går inn til sjølve Ytterpollen. Det ligg fleire bruk langs begge sider av fjorden og heilt inst i Ytterpollen ligg Hagvågen på vestsida og grenda Sletteng på austsida. Mellom Ytter- og Innerpollen kryssar Europaveg 10 fjorden.
Fylkesveg 7724 går langs vestsida av fjorden, medan Fylkesveg 7726 går langs austsida.