Zêzere

Zêzere er ei elv i Portugal og ei av sideelvane til Tajo. Ho har kjelda si i Serra da Estrela, nær Torre, det høgaste punktet på det portugisiske fastlandet. Zêzere renn gjennom byen Manteigas, og renn sør for Covilhã og aust for Pedrogão Grande. Ho munnar ut i Tajo i Constância. Elva er den nest lengste som berre renn innanfor grensene til Portugal (Mondego er den lengste). Det er bygd ut vasskraftverk ved Bouçã, Cabril og Castelo de Bode.

Zêzere
Zezereflickr.jpg

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zêzere

KjelderEndra