Zeiss Ikon
Zeiss Ikon er namnet på ein tysk kameraprodusent.
Historie
endreZeiss Ikon 1926-1945
endreZeiss Ikon oppstod etter ei samanslåing av fire kameraprodusentar (ICA, Contessa-Nettel, Ernemann og Goerz) i 1926. Selskapet var ein del av Carl Zeiss-stiftinga, med optikkprodusenten Carl Zeiss som ein annan del. Dei fleste Zeiss Ikon-kamera var difor utstyrte med optikk frå Carl Zeiss.
Zeiss Ikon hadde hovudsete i Dresden, men hadde òg fabrikkar i Stuttgart og Berlin.
Fleire selskap vart etterkvart med i Zeiss-gruppa: AG Hahn für Optik und Mechanik, Kassel og Goerz Photochemisches Werk GmbH.
Zeiss Ikon var verdsleiande på 8mm filmkamera.
Zeiss Ikon AG Stuttgart 1945-1972
endreEtter andre verdskrigen vart Zeiss Ikon delt i ein vest-tysk og ein aust-tysk del. I Vest-Tyskland fortsette produksjonen med hovudsete i Stuttgart.
I 1960 fusjonerte selskapet med Voigtländer, som hadde vore ein del av Zeiss Ikon-gruppa frå 1956.
Den vest-tyske delen av Zeiss Ikon slutta med kameraproduksjon i 1972. Delar av produksjonen gjekk til Rollei, medan ein del ekspertise vart sett inn i etableringa av merkenamnet Contax, i samarbeid med det japanske selskapet Yashica.
VEB Zeiss Ikon Dresden 1945-1991
endreI Aust-Tyskland fortsette produksjonen i Dresden frå mai 1945. Mange fabrikkar vart stengde, og mykje av produksjonsutstyret vart teke som krigsskadeerstatting av Sovjetunionen, demontert og flytta til sovjetiske kameraprodusentar. Produksjonen av Contax-modellane heldt fram ei tid med nytt produksjonsutstyr i Jena, men utstyret vart seinare overført til den sovjetiske kameraprodusenten Kiev. I 1948 vart den aust-tyske delen av Zeiss Ikon statseigd, og kameraproduksjonen heldt fram med modellane Tenax og Ikonta. Spegelreflekskameraet Contax S vart produsert frå 1949. Etter ei serie søksmål frå den Vest-Tyske delen av Zeiss Ikon mista den aust-tyske delen retten til å produsera under merkenamnet Contax, og dei seinare modellane av Contax S vart difor marknadsførte utanfor austblokken under namnet Pentacon. Selskapet bytte i 1958 namn til VEB Kinowerke Dresden, og vart seinare ein del av VEB Pentacon.
2004
endreI 2004 oppstod namnet Zeiss Ikon på ny, då Carl Zeiss lanserte eit avansert rammesøkjarkamera med dette namnet. For å unngå forvirring og blanding med dei eldre Zeiss Ikon-kamera har dette kameraet vore nemnd Zeiss Ikon ZI eller Zeiss Ikon ZM (då det har M-bajonett). Dette kameraet er utvikla i Tyskland, men vert laga i Japan av Cosina.
Produkt
endre35mm rammesøkjarkamera
endre- Colora
- Colora F
- Contax I
- Contax II
- Contax IIa
- Contax III
- Contax IIIa
- Contessa 35
- Contessamat
- Contessamatic
- Contina
- Continette
- Ikonette
- Ikonta
- Nettax
- Super Nettel
- Symbolica
- Tenax I
- Tenax II
- Tenax Automatic
35mm spegelreflekskamera
endre- Contaflex
- Contarex
- Contax S
- Contax D eller Pentacon
- Contax E eller Pentacon E
- Contax F eller Pentacon F
- Icarex (saman med Voigtländer)
- SL706 (saman med Voigtländer)
Mellomformatkamera
endreAndre kamera
endreKjelder
endreLitteratur
endre- Alexander Schulz: Contax S. A History of the World's First 35 mm Prism SLR Camera. Lindemanns Verlag, 2003.