Zhang Boheng
Zhang Boheng (fødd 4. mars 2000) er ein kinesisk turnar frå Hunan-provinsen. Han vart i 2021 verdsmeister i mangekamp, året etter fekk han VM-gull i lagkamp.
Zhang Boheng | |
Statsborgarskap | Folkerepublikken Kina |
Fødd | 4. mars 2000 (24 år) Hunan |
Idrett | turn |
Tok del i | Turn under Sommer-OL 2024 – Mangekamp menn |
Zhang gjekk til topps i mangekampen då Turn-VM 2021 vart avvikla i Kitakyushu i Japan. Han slo japanske Daiki Hashimoto med minimal margin, dei to var i ei heilt eiga klasse. Under Turn-VM 2022 i Liverpool kom Zhang på andreplass i mangekampen, Hashimoto var då tilbake på toppen. I lagkampen bidrog Zhang mykje til at Kina vann VM-gull framom Japan. I apparatfinalane enda Zhang som best nummer 5 i svingstang. Hausten 2023 sigra han i mangekampen og lagkampen ved asialeikane i Hangzhou.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zhang Boheng» frå Wikipedia på engelsk, den 24. desember 2023.