Zum Friedefürsten

Zum Friedefürsten er ei barokk åttekantkyrkje (også omtala som rundkyrkje) i Klingenthal, Sachsen. Den evangelisk-lutherske kyrkja vart innvigd i 1737 og er den største i sitt slag i Sachsen. Kyrkja er eit av dei viktigaste kulturminna i Klingenthal og er eit landemerke på staden. Altar og preikestol er integrert slik det var vanleg i den protestantiske barokken.

Zum Friedefürsten
kyrkje
Stad Klingenthal, Sachsen
Type Åttekantkyrkje
Material mur
Innvigd 1737
Takryttar Midt over skipet, 45 m
Sitjeplassar 800
Kart
Zum Friedefürsten
50°21′28″N 12°28′02″E / 50.3578°N 12.4672°E / 50.3578; 12.4672
Wikimedia Commons: Rundkirche zum Friedefürsten (Klingenthal)
Grunnriss viser altar og preikestol (1) ved langveggen, plassering av døypfonten (5), og inngang frå begge endar (3).