Abel er eit namn som kan vera både førenamn og etternamn og brukast av både menn og kvinner. Det har stor utbreiing på grunn av sitt hovudsakleg bibelske opphav.

Kain drep Abel. Illustrasjon frå 1400-talet.

Mannsnamnet Abel (gjennom gresk frå hebr. הֶֽבֶל [heḇel]) tyder andedrag eller vindpust, og kjem frå den bibelske personen Abel. Abel var andre sonen til Adam og Eva og vart drepen av bror sin, Kain. I kristen tradisjon såg ein han som eit bilete på uskuldig liding, noko som kunne minna om Jesus, og namnet vart derfor svært mykje brukt av kristne. Førenamnet Abel har ikkje norsk namnedag, men vert feira den 30. desember i Sverige.

Kvinnenamnet Abel er truleg ei forkorting av det greske namnet Abelone, som igjen kan tyda dotter av Abel. Det er noko brukt i Danmark, men svært uvanleg i Noreg.

Etternamnet Abel er mest utbreidd som tysk og askenasisk-jødisk etternamn. Det har fleire opphav — vanlegast er opphavet i mannsnamnet Abel, men i ein del fall heng namnet saman med lokale stadnamn; slik har det t.d. vorte føreslege at den norske slekta Abel kan ha namnet sitt frå byen Abild i Tønder kommune i Sønderjyllands len i Danmark.

Abel eller Abild har vidare gått inn som etternamn, anten åleine eller i gardsnamn, som Abelseth og Abildgaard.

Namneberarar endre

 
Abel Tasman.

Kjende berarar av førenamnet «Abel» endre

Kjende namneberarar av etternamnet «Abel» endre

Kjende namneberarar av etternamnet «von Abel» endre

Bakgrunnsstoff endre