Akvariefisk er fisk som vert haldne i private akvarium. Dei fleste av desse er ferskvassfisk, men det finst òg brakk- og saltvass-akvaristar. Som regel vert akvariefisk vald ut frå fargar, mønster og form, men mange akvaristar er òg opptekne av dyreåtferd.

Skalare er ein populær ciklideart som opphavleg stammar frå Amazonas.

Val av akvariefisk endre

Når ein vel ut fisk til eit akvarium er det ei rekke faktorar ein bør ta omsyn til. For det første må fiskane trivast i nokonlunde dei same fysiske føresetnadane, det vil seie temperatur, mineral- og saltinnhald osb. Ein bør òg ta omsyn til om ein er i stand til å dekka næringsbehovet til fisken; mange artar krev levandefor for å trivast eller overleva. Ein tredje faktor er økologien til dei einskilde fiskeartane; det er t.d. lurt å syta for at dei ikkje konkurrerer om dei same områda i akvariet ved å velja nokre botnfisk og nokre overflateartar. Det kan òg vera ein fordel å ikkje halda aggressive rovfisk saman med små tetra.

Ein faktor mange gløymer er plassbehovet til fisken. Det er dyreplageri å halda for stor fisk i for små akvarium. Kor mykje plass ein einskildfisk må ha varierer frå art til art, små fisk er naturleg nok vanlegvis mindre plasskrevjande enn store.

Plassbehovet (storleik i liter) har mest samanheng med kor fort vantet blir forureina. Om eigaren av eit lite akvarium er flink til å bytta vatnet, halde rett temperatur og pH-verdi kan ein ha fleire fisk eller større fisk.

Vanlege akvariefisk i ferskvassakvarium endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Akvariefisk