Astrid Sverresdotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik (fødd 19. oktober 1977) er ei norsk målkvinne, avismedarbeidar og forfattar frå Lensvik i Agdenes kommune (no busett i Oslo). Ho var leiar i Norsk Målungdom 2000-2002. Frå 2021 er ho redaktør for tidsskriftet Syn og Segn.[1]

Astrid Sverresdotter Dypvik
Fødd19. oktober 1977
Lensvik
NasjonalitetNoreg
Yrkejournalist, lingvist, historikar
Alma materUniversitetet i Oslo
VervLeiar i Norsk Målungdom 2000-2002
FøregangarMagnus Bernhardsen
EtterfylgjarGudrun Kløve Juuhl

Under hennar leiartid arbeidde Norsk Målungdom særleg for å få dataprogram på nynorsk, og organiserte mellom anna (saman med Elevorganisasjonen) Elevstreik for nynorsk data 28. september 2000, der 30 000 elevar streika.

Dypvik har mastergrad i historie frå Universitetet i Oslo på ei oppgåve om Bund der Vertriebenen.[2] Ho har skrive to bøker om tysk etterkrigshistorie. I 2012 gav ho ut Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land som fortalde den 40-årige historia til DDR gjennom skjebnene til enkeltpersonar, både dei som tilhøyrde regimet og maktapparatet og dei som blei offer for det[3][4][5] Boka blei nominert til prisen beste sakprosabok for vaksne.[6] I 2017 gav ho ut Berlinhistorier : kald krig i den delte byen. Boka er sett saman av tolv personlege historier frå Berlin om menneske som på kvart sitt vis deltok i den kalde krigen frå opprettinga av DDR-staten i 1949 frem til Berlinmuren fall.[7][8]

Som journalist har ho mellom anna skrive for Morgenbladet, Klassekampen, Dag og Tid og Nationen. Ho har vore debatt-og kronikkredaktør i Klassekampen, og redaksjonsmedarbeidar i historietidsskriftet Fortid.[9]

Bøker endre

  • 2012 – Det var DDR : Forteljingar om eit nedlagt land – sakprosa
  • 2017 – Berlinhistorier : kald krig i den delte byen

Kjelder endre

  1. Aarli-Grøndalen, Roger (9. september 2020). «Astrid Sverresdotter Dypvik er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn». journalisten.no (på norsk). Henta 9. september 2020. 
  2. Astrid Sverresdotter Dypvik Ein posisjon bortanfor : Bund der Vertriebenen og diskusjonen om opprettinga av Zentrum gegen Vertreibungen 2002-2005 Masteroppgave i historie - Universitetet i Oslo, 2007
  3. nrk.no Gripende om DDR andmeldelse av boka Det var DDR skrevet av Knut Hoem 28.09.2012
  4. Dag og tid Glitrande om DDR Arkivert 2016-01-31 ved Wayback Machine. andmeldelse av boka Det var DDR skrevet av Pål H. Bakka 05.10.2012
  5. fortid.no Det var DDR Arkivert 2014-07-27 ved Wayback Machine. anmeldelse av Morten Haave 07.12.2013
  6. kritikerlaget.no Beste sakprosabok for voksne 2013
  7. Pedersen, Bernt Erik (28. februar 2017). «Anmeldelse: Skriver om Berlin i spionenes tid». dagsavisen.no (på norsk). Henta 20. mai 2017. 
  8. Fjellro, Ragnhild (8. mars 2017). «Skjebner i Berlin». Forskerforum (på norsk bokmål). Henta 20. mai 2017. 
  9. Fortid 2/07 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 6. mars 2009, henta 22. november 2020