For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Atlantis (fleirtyding).

Atlantis er eit sogeomspunne land som har vore omtalt sidan antikken. Atlantis skal ha vore ei rik øy eller eit landområde som blei teken av havet og forsvann i løpet av kort tid. Det blei først skildra av Platon og har sidan vore inspirasjon for ei rekkje forfattarar og teoriar.

Tittelblad til De Atlantide ad Timaeum atque Critiam, ei latinsk omsetjing av Platon sine dialogar om Atlantis.

Antikke skildringar av Atlantis endre

Platon skildra Atlantis i dialogane Timaios og Kritias, etter noko som skulle vera ein 8000 år gammal egyptisk tradisjon som Solon tok med seg til Aten. Landet tilhøyrde havguden Poseidon og sonen hans, Atlas, grunnla hovudstaden deira og blei stamfar til atlantidane. Den atlantiske hovudstaden var eit geometrisk utforma anlegg med strimlar av land og kanalar konsentrisk ordna rundt ei kongeborg. Landet var rikt på åkerjord, malm, dyr og vekstar, og staten deira var den mektigaste i verda så lenge dei sette dygd høgare enn rikdom.

Atlantis-riket herska over eit område frå Italia til Egypt, men blei stoppa av Ur-Aten, Platon sitt moralske og sterke statsideal. Atlantis kom til ende på eitt døgn då jordskjelv og overfløymingar førte til at det blei slukt av havet. Platon sin elev og seinare rival Aristoteles rekna Platon si forteljing om Atlantis som ein rein fiksjon.

Atlantis i seinare tenking endre

 
Kart av Athanasius Kircher over Atlantis, ute i Atlanterhavet. Frå Mundus Subterraneus (1669), gjeve ut i Amsterdam.Kartet er orientert med sør øvst.

I dag reknar dei fleste seriøse forskarar soga om Atlantis for dikting uten tilknyting til historisk røyndom, men gjennom tidene er det blitt lagt fram mange forslag til kvar Atlantis ein gong låg.

Den svenske lærde Olof Rudbeck d.e. hevda i verket Atlantica (3 bd., 1679–1702) at Atlantis eigentleg var Sverige i ei fjern fortid. Ein sovjetisk fortidsgranskar, Ivan Trofimovitsj, fann i 1950-åra ut at Atlantis låg i Syrte, medan landsmannen Lebedev meinte Atlantis hadde lege i Sahara den gong ørkenen var eit innhav. I 1962 la ein tysk teolog og amatørarkeolog, Jürgen Spanuth, fram påstand om at Atlantis var i botnen av Helgoland-bukta. Elles har området rundt Asorane i Atlanterhavet også vore lagt fram som mogleg opphavsstad.

Kreta-området har fleire gonger vore drøfta som Atlantis-stad. Professor Angelos G. Galanopoulos hevda i 1960-åra at han hadde bevis for at Atlantis hadde vore midtvegs mellom Kreta og det greske fastlandet. Han tidfesta undergangen av Atlantis til 1410 f.Kr., og meinte det var blitt øydelagd av eit stort utbrot av vulkanen Santorin. Utgravingar på øya Thíra (Santoríni) har vist at vulkanen eksploderte kraftig rundt år 1520 f.Kr.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Atlantis (2011, 7. november), Store norske leksikon. Henta 9. august 2013.